Første turen min på Storvasshonnjet var i lag med Arne Geir (storebror), Per Jostein (god ven og turkamerat), Terje og Olav (søskjenborn) og Tanja (bordercollie). Oss gjekk frå sætrevegskiftet innanfor Gjæra,
opp til Rellingsætra, fram Dyrdalen til Storvatnet. Derifrå oppi Ihjlløsdalen og der såg oss fjellet og ruta oss skulle gå. Bjørn Ranum og John Kåre var med eit stykke på vegen, men ikkje heilt til
toppen.
Første stykket gjekk det greitt, det var breidt og forholdsvis fast ur. So måtte oss over en liten rygg og inn i ei brei renne og etter den smalna fjellet til. Første utfordringa var et svaberg som starta ved stupet mot
Storvatnet og skråna ned mot breen på vestsida. Det var skummelt for meg, Per Jostein og Arne Geir let seg ikkje påverke. Etter det var det greitt over en liten haug, men so var det skaret. Det hadde eg haurt om og sett på både
frå Storvatnet og Ihlljøsdala - grudd meg til. På det smalaste var det vel en halvmeter breidt og 5-6 flate meter over, på høgre handa var det loddrett stup på Storvassida og til venstre ned i ei bratt renne. Eg krøkte
meg ned og kraup over til trygg grunn i den siste hammaren. Herifrå var det ei brei, fast renne opp til topplatået som var heilt flatt med en varde i kvar ende. Eg var oppe, eg var på Storvasshonnja - et ønskje eg hadde drøymt
om lenge var oppfyllt. Eg sette meg ned og naut stunda og utsikten.
Dette var første turen, det skulle verte fleire seinare.
Heimatt gjekk turen opp Brattløyfta, ned i Grjotdalen og heim på Herdalssætra det tante Oddlaug venta med rjomegraut i Gullsmedsela.